Skeise-VM 1971 i sprint-firkamp

Verdsmeisterskapen 1971 i sprint-firkamp på skeiser vart avvikla i Inzell i forbundslandet Bayern i Vest-Tyskland helga 20.–21. februar. Meisterskapen var den andre med eit program i sprint-firkamp. 66 utøvarar, 37 karar og 29 kvinner, deltok i meisterskapen.

Erhard Keller frå Vest-Tyskland og Ruth Schleiermacher frå Aust-Tyskland vart verdsmeistrar. Svenske Hasse Börjes vann 500 meter laurdag, Keller sundag. Ard Schenk frå Nederland vann begge 1000-meterane. Anne Henning frå USA var kjappast av kvinnene på dei to 500-meterane, Ljudmila J. Titova frå Sovjetunionen vart sterkast av kvinnene på begge 1000-meterane.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy